Ledige stillinger

Jobb i eit spennande, utfordrande og kreativt miljø

Vi har ein stab med ansvarlege, engasjerte, miljøbevisste og nyskapande menneske, og legg stor vekt på å ha eit godt og utviklande arbeidsmiljø. At gjennomsnittleg ansiennitet hos våre tilsette er tett opptil 20 år, tek vi som eit teikn på at alle trivst på jobb.

Vi er likevel alltid på jakt etter påfyll av fagkompetanse som kan bringe oss vidare, både når det gjeld elektroingeniørar, elektromontørar og merkantile stillingar. Hos oss får du alle moglegheiter til fagleg utvikling - og mykje frisk luft.

Føler du at vi treng nettopp din kompetanse, er du velkomen til ein prat!

Fordi vi er ansvarlege, engasjerte, miljøbevisste og nyskapande, skal alle som er i kontakt med oss seie at; "dei lukkast fordi dei er stolte av det dei arbeider med og det dei utfører ".