@ form Sykkylven-Logo

Kva kostar den nye målaren?

Du vil ikkje bli fakturert for den nye målaren. Kostnaden vert dekt av nettselskapet gjennom nettleiga. Det er venta at byta til nye målarar vil gi nettselskapet reduserte kostnader for drift og vedlikehald og betre leveringskvalitet. Ein reknar også med at med større kunnskap om belastninga i nettet vil ein kunne investere meir målretta. Informasjonen frå målaren gjennom «HAN-porten» vil gi deg som forbruker høve til å kunne effektivisere og dermed redusere straumforbruk ditt.   

Nettleiga vil auke med om lag 300 kr pr. år. Med den nye informasjonen som vert  tilgjengeleg for både nettselskap og deg vil nettleiga og høvet du får for å effektivisere straumforbruket ditt gi deg gradvis mindre nettleige.