@ Sykkylven-Logo

Jordfeil

Feil på elektriske anlegg kan føre til at det oppstår jordfeil. Jordfeil får vi når straumførande leidningar kjem i kontakt med jorda og utsette anleggsdelar, eller i direkte kontakt med jordledar.

Det er eigaren av det elektriske anlegget som er ansvarleg for at anlegget er i forskriftsmessig stand etter gjeldande forskrifter, Forskrift for elektriske lavspenningsanlegg(FEL)/NEK400). Arbeid i det elektriske anlegget må  utførast av autorisert elektroinstallatør.

Dersom ein får støyt ved berøring av elektrisk utstyr, vasskranar eller andre elektrisk ledande materialar, må ein kontakte elektroinstallatør for kontroll av eige anlegg. Om anlegget i eige hus er i orden, skal nettselskapet kontaktast. Kontaktskjema finn du her. Vi vil påvise kva for eit anlegg som har feil og eigar vil verte fakturert med kr 1 125 for arbeid med påvising.

Ein jordfeil kan oppstå mellom anna i ein varmtvatnsberedar, i ei vaskemaskin, i varmekablar eller ved gjennomslag av spiker gjennom leidningar. Jordfeil kan vere vanskeleg å lokalisere. Den same feilen kan gi utslag hos alle som er kopla til den same transformatoren. Ein jordfeil kan altså vere i ditt anlegg, naboar sine anlegg eller i distribusjonsnettet.

Vert jordfeilvarslar/vern utløyst, er jordfeilen mest truleg i ditt eige anlegg.  Det er ditt ansvar å rette feilen. Om anlegget ikkje vert kopla ut umiddelbart, bør ein vere forsiktig med bruk av elektrisk utstyr til feilen er retta.

Anlegg montert før 1990 har ikkje nødvendigvis montert slikt utstyr og i desse anlegga kan huseigar vere uvitande om jordfeil.