@ form Sykkylven-Logo

Informasjon til deg som ikkje ønskjer å byte straummålar

Styresmaktene har gjennom AMS-forskrifta pålagt alle nettselskap å bytte til nye automatiske straummålarar. 

Rettar og plikter for kundar som er knytte til straumnettet kjem fram i  «Standard avtale for nettleige og vilkår for tilknyting». Avtalen gir nettselskapet løyve til målarbyte.

Installasjonar med gamal målar påfører nettselskapet høgare kostnadar. Tilleggskostnaden vert belasta nettleiga til kunden og er berekna til 1500 kroner per år. 

Kundar som ikkje møter til avtale, eller ikkje ønskjer ny målar, vert belasta dei faktiske kostnadane for ei seinare montering, inntil 2100 kroner.

Har du rett på fritak, må du innan installasjonane startar i mai, sende skriftleg søknad til oss med attest frå legen din.

Det er ikkje dokumentert samanheng mellom helseplager og stråling frå dei nye målarane. Legane skal derfor ikkje skrive ut legeattestar på dette grunnlaget.