@ form Sykkylven-Logo

Gjennomfakturering frå 1. september 2016?

Mange kundar mottek henvendingar frå ulike selgera av kraft. I enkelte høve tilbyr kraftleverandørane kundane gjennomfakturering av nettleiga, og felles faktura for nettleige og kraft til sluttbrukar.

Kva er gjennomfakturering?

Ved gjennomfakturering sender nettselskapet faktura for nettleiga til kunden sin kraftleverandør, som betalar på vegne av kunden. Kraftleverandøren fakturerer kunden for nettleiga via straumfakturaen. Dermed får kunden éin felles faktura for nettleige og kraft.

 

Kven må tilby gjennomfakturering?

Frå 1. september 2016 vart forskrifta som regulerer avrekning og måling av straumkundar endra. Forskriftsendringa inneber at nettselskap som i dag tilbyr felles fakturering med krafteverandør (samfakturering), ofte i eige konsern, også må tilby dette til andre kraftleverandørar som ønsker det. 

Nettselskap som i dag ikkje tilbyr gjennomfakturering av kraft og nettleige, heller ikkje i eige konsern, pliktar ikkje å tilby dette etter 1. september.

 

Tilbyr Sykkylven Energi gjennomfakturering i dag?

Sykkylven Energi tilbyr ikkje gjennomfakturering frå 1. september. Årsaka til dette er at ei slik løysning vil krevje til dels store investeringar i IT system, samt integrering og testing mot dei ulike kraftselskapa sine faktureringssystem.

Ei slik løysing vil også medføre økt risiko for økonomisk tap for Sykkylven Energi AS.  

 

Vil Sykkylven Energi tilby gjennomfakturering i fremtida?

Gjennomfakturering er første steg mot innføringa av ny marknadsmodell med obligatorisk fellesfakturering på eit seinare tidspunkt. 

NVE utredar ny marknadsmodell for sluttbrukarmarknaden for straum, der felles fakturering av kraft og nettenestar vert obligatorisk for kraftleverandøren. Kraftleverandøren vert då straumkunden sin primærkontakt og ansvarleg for det meste av kundedialogen. I ny marknadsmodell vil det ikkje vere høve for nettselskapet eller kraftleverandøren til å velje ein annan faktureringsmetode. 

Sykkylven Energi har beslutta å ikkje foreta investeringar i mellombelse løysingar for gjennomfakturering, og ventar til ny og endeleg marknadsmodell med obligatorisk fellesfakturering er på plass.