@ Sykkylven-Logo

Fritak

Bustader som ikkje har vore i bruk det siste halve året, kan skriftleg søke om fritak for renovasjon, slamtømming, feiing, vatn og avløp. Det vert ikkje gitt fritak for fritidsbustader.

Følgjande retningslinjer vert lagt til grunn ved søknad om fritak:

  • Fritak årsgebyr vatn og avløp: godkjent plombert vassinntak
  • Fritak slamtømmegebyr: godkjent plombert vassinntak
  • Fritak renovasjonsgebyr: bustad ikkje i bruk 
  • Fritak feiing: bustad ikkje i bruk, eller fråkopla pipe


Søknad om fritak for renovasjon skal sendast til Årim (post@arim.no)

Søknadsskjema om fritak for vatn og avløp, feiing, eller sjeldnare slamtømming finn du her. Skjemaet skal sendast til Sykkylven kommune (postmottak@sykkylven.kommune.no)