Fiber til heimen
Fiberutbygging i Sykkylven.Utbyggingsprosjektet for fibernett i Sykkylven er delt i tre fasar:
- Levering til næringslivet gjennom eit samarbeid med PC Support AS.
- Knyte saman større kommunale bygg i eitt datanett (administrasjon, skular mm).
- Utbygging av ”fiber til heimen” (FTH) gjennom eit samarbeid med NextGenTel AS.
Fiber til heimen i samarbeid med NextGenTel AS.
Sykkylven Energi AS har gått inn avtale med NextGenTel AS om å levere fibernett og innhald av tenester til hushaldningane i Sykkylven (FTH). Dette er eit nytt tilbod i tillegg til tilbodet til næringslivet og kommunen, og vil rette seg mot ”den vanlege mann i gata”.
Fibernett er framtida si kommunikasjonsplattform. I praksis vil dette seie at ein med fiber frå Sykkylven Energi AS og NextGenTel AS kan få levert superraskt breiband, over 80 TV-kanalar pluss ei rekke interaktive tenester på digital-TV, i tillegg til breibandstelefoni!
Vår vurdering er at om Sykkylven framleis skal være ein attraktiv stad å bu og å drive næringsverksemd er oss avhengige av framtidsretta løysingar for kommunikasjon. Fibernettet vil tilfredsstille ”alle” krav i så måte.
Prisnivå.
Prisnivået vil vere slik at ein for eksempel kan få levert 20 TV-kanalar, 15/15Mb internett og telefoni til ein månadspris på godt under kr. 800,-
Ønskjer ein litt meir kan ein velje 40 TV-kanalar, 30/30Mb internett og telefoni til ein månadspris på i overkant av kr. 900,-
Slike ”pakkar” vil erstatte eksisterande innhaldsleveranse på TV-, internett og fastlinjetelefoni. For dei fleste vil dette medføre at ein får levert eit betre produkt til ein hyggelegare pris enn i dag.
Pilotområdet.
Området som først vil bli bygd ut med ”fiber til heimen” er dei største bustadområda nord for Aureelva, frå Fauskeelva i vest til og med Grebstadlia 1 i aust. (Hjellane og delar av ”midtre” Grebstad er ikkje tatt inn i det området som no er i fokus.)
Ei føresetnad for at utbygginga vert realisert er at minst 60% av hushaldningane i dette områder skriv kontrakt om tilkopling til fibernettet og levering av innhalds-tenester. Alle kundane i det aktuelle området vil bli kontakta av ein hyggeleg seljar. Ein vil få informasjon om kva ”fiber” er for noko, kva innhaldstenester ein kan få kjøpt/levert, og kva dette vil koste den einskilde.
Dersom interessa og framdrifta er god, vil dei første kundane kunne få levert tenester over fiberkabelen alt i år.
Her ligg eit kart over pilotområdet.
Vidare utbygging.
Avhengig av responsen i ”første området” vil vidare utbygging av FTH i andre områder i kommunen bli vurdert. Diskusjonen om kva tid og kvar dette eventuelt vil skje er ikkje avgjort. Fleire faktorar vil vere med å påverke ei avgjersle, både korleis områda er tilrettelagd gjennom tilgjengelege framføringsvegar, ei praktisk og fornuftig rekkefølgje, men ikkje minst kva interesse som vert vist blant dei som bur og ønskjer å bli kunde i eit område.
Kva er fiber?
Ordet ”fiber” er å finne over alt. Eit kjapt søk på ”optisk fiber” i Wikipedia (oppslagsverk på Internet) gir følgjande informasjon:
Optisk fiber er eit optisk system som leiar lys gjennom såkalla optiske fiber som har kjernar som er laga av reint glas eller plast på alt frå fleire millimeters diameter ned til ein diameter som er mindre enn eit hårstrå. Desse glas- eller plastkjernane er omslutta av ein mantel og vanlegvis òg av eit vernande skal. Optiske fiber vert ofte brukt i telekommunikasjonssystem.


Skriv ut denne sida