@ Sykkylven-Logo

Eigeninnsats

Her finn du generell informasjon vedkommande framføring av fiber på privat eigedom og inn i bustaden.

For enkelt og greitt å realisere prosjektet og for å få deg på nett treng vi din eigeninnsats!

Eigeninnsats inneberer:

  • Grave ei grøft på minimum 30 cm djup på eiga tomt, frå husmur til tomtegrensa, etter beskriving frå Sykkylven Energi sin entreprenør.
  • Leggje røyr for fiberkabel, søketråd og merkeband i grøfta. La røyrkveil ligge på utsida av husvegg for montering av entreprenør. Fylling av grøft med finmasse.
  • Ønskjer du hjelp til oppkopling eller kabling inne i huset kan dette bestillast hos Sykkylven Energi sin entreprenør direkte.

Det finns ulike løysingar for fibertilkopling i private heimar:
Føretrekt tilkopling av fiberkablar vil i utgangspunktet vere luftspenn til bustad. Der det er påkravd eller avtalt må kunden med eigeninnsats grave ned røyr fra anvist stad ved tomtegrensa til avtalt punkt ved bustaden der ein ønskjer fiberen innlagt. Topografien på fibernettet vil bestemme leveringspunktet til tomt og dette vil ikkje i alle tilfelle være det optimale for kunden. Dette vil du få meir informasjon om frå montørane når du blir kontakta.

Alternativ framføring til bustad:

  1. Sykkylven Energi leverer som føretrekt løysning fiber i luftleidning til bustad der dette er mogleg. 
  2. Sykkylven Energi leverer fiberrøyr (8 mm) til tomtegrensa med tilpassa lengde til vidareføring av kunde.
  3. Der det er mogleg å levere i luftleidning med stolpe på kundens tomt kan ein også i enkelte tilfelle levere til stolpefot (14 mm rør) klargjort for nedgraving til bustad om kunden ønskjer dette. Ein går ut i frå at forholda ligg til rette for ei slik løysing. Kunden må då grave sjølv på eiga tomt.
  4. Har kunden allereie fiberrør i inntakskabel kan ein der det er mogleg nytte dette røyret for framføring av fiber. Då slepp ein graving.
  5. Der det ikkje er mogleg å levere fiber via luftleidning må kunden i alle tilfelle grave sjølv på eiga tomt. 
  6. For landbrukseigedommar eller større eigedommar må eigar sjølv stå for og dekke dei siste 40 meterane av fibergrøfta.

Framlegging av fiber inne i bustaden:
Sykkylven Energi dekker open installasjon av fiber frå yttervegg og inntil 5 meter innvendig, samt montering av fiberkonverteren. Fiberkonverteren må ha straum. Har kunden røyr som er tilpassa for innvendig framføring av fiber, kan desse nyttast utan kostnad for kunde inntil 15 meter og montering av fiberkonverteren. Installasjon frå fiberkonverteren til der ein skal nytte fiberen dekkast i alle tilfelle av kunden sjølv. Det skal ikkje nyttast internkabling og kontaktar med lågare kvalitet enn kategori 5. (cat. 5, 5e)