Byte av kraftleverandør

Du kan velje den kraftleverandøren du sjølv vil ha. Ditt lokale nettselskap administrerer vala dine. Alle kan byte kraftleverandør, så lenge ein ikkje er bunden gjennom kontrakt. Ta kontakt med den kraftleverandøren du ønskjer, så vil han sende alle nødvendige opplysningar til nettselskapet.

Om du ønskjer å byte kraftleverandør tek du kontakt med denne. Kraftleverandøren må sende melding til netteigar seinast 15 virkedagar før skiftedato. For at leverandørbytet skal vere gyldig, skal det alltid liggje føre ein avtale mellom den nye kraftleverandøren og sluttbrukar. Nettselskapet sender melding om sluttdato for leveranse til den kraftleverandøren som skal avslutte leveransen, seinast 3 dagar før dato for leverandørbyte. Innan 3 veker etter at netteigar har motteke ei målaravlesing skal denne sendast til kunden sin kraftleverandør, eventuelt også til kraftleverandøren som avsluttar leveransen.

Kven kan byte kraftleverandør?
Alle har mulegheit til å byte kraftleverandør, så lenge ein ikkje er bunden til kontrakt med noverande kraftleverandør.

Korleis skifte kraftleverandør?
Du finn ein aktuell kraftleverandør. Oversikt over dei mest aktuelle kraftleverandørane og deira prisar finn du på www.konkurransetilsynet.no/kraftpriser. Du inngår avtale og startdato for leveranse med kraftleverandøren, og han vil deretter ordne resten for deg. Det er viktig at du les av målaren for at vi skal kunne gjennomføre leverandørbyte. Netteigar aksepterer avlesingar innanfor 20 til seinast 6 virkedagar før dato for leverandørbyte. Manglande målaravlesing innanfor dette intervallet medfører at leverandørbytet vert avvist. Målaravlesing kan meldast til den nye kraftleverandøren eller til netteigar.

For at den nye kraftleverandøren skal kunne gi melding til oss om leverandørbytet, vil han trenge opplysningar om det aktuelle målepunktet. Desse finn du enklast på ein faktura frå netteigar.

Desse opplysningane er:
a) Målepunkt-ID og eventuelt målarnummer
b) Sluttbrukar sitt namn, fødselsdato/organisasjonsnr., og postadresse
c) Anleggs- og fakturaadresse, dersom desse er ulik postadresse

Aktive leverandørar i Sykkylven per november 2011:
Eidsiva Energi Omsetning AS
Fitjar Kraftlag P/L
Fjordkraft AS
Fortum Markets AS
Gauldal Energi AS
Gudbrandsdal Energi AS
Hafslund Strøm AS v/Hafslund Direkte
Hallingkraft AS
Hurum Kraft AS
Ishavskraft AS
Kraftinor AS
LOS AS
NTE Marked AS
Nordvest Kraft AS
Norgesenergi
Rauma Energi Kraft AS
Skandiakraft AS
SKS Kraftsalg AS
Stranda Energiverk AS Kraft
Tafjord Marked AS
Telinet Energi AS
Total Energi ASA
Trondheim Energi Kraftsalg AS
TrønderEnergi Marked AS
Tussa Energi AS
Ustekveikja Energi AS