@ form Sykkylven-Logo

Byggestraum

Byggestraum er ei mellombels løysing for uttak av straum som vert nytta ved utbygging mv. Denne mellombelse løysinga skal takast ned når permanent installasjon er kopla til.

Prisar på byggestraum:

Fastbeløp: kr. 350/400 lita/stor kasse per månad, energileddet følgjer tariff "Nettleige for hushald".

Type byggestraum Ampere Maks uttak kW
Lita byggestraumskasse 32 12
Stor byggestraumskasse 63 25
400 volt byggestraumskasse 32 22

Byggestraumskasser vert oppsett på vårt næringaste tilknytingspunkt i stolpe eller kabelskap.

Oppsetting og nedtaking vert fakturert etter medgått materiell og tid etter gjeldande prisar.

Tillegg i pris ved levering før normal leveringstid (3 dagar): kr. 1 350.

Oppgitte prisar er eksklusiv meirverdiavgift.

Trykk her for å kome til bestillingsskjema for byggestraum.