@ Sykkylven-Logo

Bestilling av vassmålar

Dersom du er pålagt vassmålar eller ønskjer vassmålar, ber vi deg fyller ut bestillingsskjemaet.

Vedlagt i skjemaet kan du også legge ved bilde av vassinntaket. Dette vil hjelpe røyrleggaren å berekne kor lang tid dei treng for å installere vassmålaren.

Etter at vi har motteke bestillingsskjema tek vi kontakt med den røyrleggaren du ønskjer. Røyrleggar tek så kontakt med deg for å avtale tidspunkt for installasjon.