@ form Sykkylven-Logo

Anleggsbidrag

Ved investeringar som vert foretatt etter ønske frå kunde (ny netttilknyting eller nettforsterking) vert det krevd anleggsbidrag frå kunden.

Formålet med anleggsbidrag er å synliggjere kostnadane ved ei ny tilknyting eller nettforsterking. Anleggsbidrag vert berekna etter Sykkylven Energi sine retningslinjer.

Sykkylven Energi eig alt av straumnett fram til nettkundens tilknytingspunkt sjølv om delar av anlegget er finansiert av nettkunden gjennom anleggsbidrag. Sykkylven Energi har ansvar for drift og vedlikehald av eige nett, og vil derfor dekke alle framtidige kostnadar.

Meir om reglane for anleggsbidrag finn du på NVE sine sider.