Andre tenester
VeglysVi byggjer ut, oppgraderer og vedlikeheld lysanlegg for Sykkylven kommune, etter gjevne prioriteringar og økonomiske rammer.

Arbeid under spenning – AUS.
Med alle elektriske og elektroniske apparata vi omgjev oss med, er det naudsynt med sikker straumforsyning. Ein straumstans kan verta til mykje irritasjon, og for nokre også ei ikkje ubetydeleg utgift, enten utkoplinga kjem av feil på nettet eller den er planlagt.
Arbeid utan utkopling
Vi i Sykkylven Energi har i fleire år utført arbeid og vedlikehald på høg- og lågspentnettet utan utkopling av kundar. Slikt arbeid vert kalla Arbeid under spenning, forkorta AUS.
No er det slik med AUS at di meir vi gjer dette dess mindre merkar du som kunde at vi utfører naudsynt arbeid! No er det ikkje all AUS vi har kompetanse til å utføre enno, så nokre planlagde utkoplingar må vi ta. Men vi prøver heile tida å bli betre. Vi har svært flinke montørar og planleggjarar som har fått god opplæring i AUS, samstundes som vi vil lære opp fleire.
Er ikkje dette farleg?
All omgang med både låg- og høgspenning er farleg om ein ikkje har nok kunnskap eller rett utstyr. Difor er det viktig både med god opplæring og planlegging av slikt arbeid.
Dersom du ser nokre av folka våre oppe i ei høgspentmast med oransje stenger, so held dei på med AUS. Dette er ein arbeidsmetode som har vore brukt i Noreg sidan byrjinga på 1970-talet, og er svært sikker for montørane. Vi på Sykkylven Energi AS har halde på med dette sidan våren 1997 då 3 av montørane våre fekk opplæring.
Vi er til for deg som kunde
Vi håpar du som kunde hos Sykkylven Energi vil få mykje glede av denne måten å arbeide på. Det er heilt naudsynt med vedlikehald av nettet, men også at kundane våre får behalde straumen. Vi prøver å kombinere desse utfordringane. Difor utfører vi AUS når vi ser det let seg gjere, for deg som kunde!


Skriv ut denne sida